Nordfjordeid skule

Det er med glede vi ønskjer alle dei 311 elevane våre velkomne til nytt skuleår.

Vi på Nordfjordeid skule arbeider kvar dag for at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Vi legg vekt på ein variert skulekvardag der fysisk aktiv læring og tilpassa opplæring er sentrale satsingsområde. Vi vil dette året satse spesielt på "Inkluderande praksis". 

Lærarane ved skulen er positive til utvikling og arbeider tett saman for å finne gode løysingar. Teama har ansvar for å legge forholda best mogleg til rette for at både elevgrupper og einskildelevar har ein variert og lærerik kvardag i samspel med andre.

Det er svært viktig at føresette tek opp saker de lurer på. God dialog mellom heim og skule er viktig for trivsel og læring. Vi arbeider alle i lag for at elevane ved Nordfjordeid skule skal ha god fagleg og sosial kompetanse. Ei positiv haldning til skulen er grunnlaget i dette arbeidet.

Vi vil gjere vårt beste for at Nordfjordeid skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å lære, og håpar og trur på godt samarbeid i året som kjem. 
 

Kontakt

Anne-Grete Eikås
Rektor
E-post
Telefon 57 86 34 20
Mobil 95 90 62 37
Kenneth Vedvik
Assisterande rektor
E-post
Mobil 97 16 03 69
Kathrine Manseth Bjørnholt
SFO - Dagleg leiar
E-post
Mobil 95 04 78 52

Åpningstider

Administrasjon skule: kl 08:00-15:00

SFO: kl. 07:30-16:30

Adresse

Skulevegen 33, 6770 Nordfjordeid, Norway

Postadresse: 
post@stad.kommune.no
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

 

    Følg oss på Facebook